nykverna kaffi
å ja... det smakar betre med nykverna kaffi...!
nykverna kaffi
Alt har sin tid
Lei av pastell
Andre byrjar å hente fram pastellfargane no når våren bankar på døra... men eg er i grunnen lei av pastell.
No er eg klar for klåre, friske fargar! Av den grunn har eg byrja å plukke vekk nokon av dei lyse, duse fargane mine, spesielt rosa.
Så var det å finne noko eg kunne erstatte dei med då... heldigvis er Fretex næraste nabo. Søstrene Grene er også kjærkommen når ein ikkje har så stort interiør-budsjett!
det er blitt ein del gult til no, men jakta fortset...
Heldige meg har fått ein award av mi Kjære Judith!
Eg tar lett utfordringa som fylgjer med:
Eg har faktisk 2 bøker som ligg like nærme meg no, difor vel eg begge 2.
Den fyrste heiter "Å bygge en disippelkultur". Skrevet av Mike Breen og Steve Cockram. Det er ei bok me les i menigheten eg går i no. Her står det: Vi ønsker å gi deg et tydelig veikart inn i kompetent, effektivt disippelgjøring, og vi ønsker å hjelpe deg med å utvikle en strategi for å videreføre denne prosessen langt inn i fremtiden.
Den andre er ei bok eg blogga om for ikkje så lenge sidan og den heiter a piece of cake, skrevet av Leila Lindholm. På side 18 er det to bilete som heiter i kakburken. Det er to fristande og lekre bilete av mormors goda kardemummaskorpor og Chokladskorpor med oliver.
2. Kva var det siste du såg på tv?
Mord og mysterier
3. Bortsett frå pc-en, kva høyrer du nå?
Det er heilt stilt rundt meg, deilig :)
4. Kva tid var du sist ute og kva gjorde du då?
Eg har vore ute no ikveld. Fyrst var eg på ei fantastisk gudstjeneste i Imi som var sterkt prega av at det har vore IMPULS der i helga. Etterpå var me hjå ein kompis.
5. Kva har du på deg no?
Eit heimelaga lappeteppe, mi nye kakibuse, kvit singlet og rosa jakke.
6. Kva for ein film såg du sist?
Music & Lyrics
7. Kunne du tenke deg å flytte til utlandet?
Ja... Wherever You lead...
Eg gir awarden og ei valfri utfordring viare til
Ragnhild sin blogg
Morgenstemning
Desse orda ynskjer eg skal prege veka mi, og kanskje også di?
GOD VEKE!