Veit du; at dagene som kjem og går, dei er sjølve LIVET

tirsdag, februar 09, 2010

Bokanmeldingar, GO`BOK


Eg vil med dette innvie mi nye faste spalte som eg vel å kalle GO`BOK. Her vil eg presentera, anmelda og gi terningkast til dei bøkene eg les. Eg er ein person som verkeleg slappar av med ei god bok, og som nyt å bli dratt inn i historia.




Små sitroner gule er ei lettlest bok. Eg brukte 3-4 dagar på å komme gjennom ho, så det er med andre ord ei bok som ikkje er av den djupe typen, men likevel herleg! Boka er av typen "good feeling" og handlar om LIVET.


Forfattaren er svensk, og orda som er brukt er gode og interessante. Ein merkar at boka ikkje er øvesett frå engelsk. Hovudpersonane er i byrjinga av 30 åra og hendinga utspelar seg på 2000 talet. Eg vil kalle boka moderne.

Eg trur dei fleste vil kjenne seg igjen i eit eller anna i historia som utspelar seg. Boka er varm og morosam, samstundes som eg til tider blei sjikkeleg frustert. Det handlar om glede, sorg, avhengighet, kjærleik, evige venskap, familie, sjukdom, draumar, å verkeleg leve, å gå for det ein vil ha, å ha tru på seg sjøl og skilnaden mellom bygdeliv og byliv.


Eg vil anbefale boka for deg som ynskjer ei lettlest bok som ein blir dradd inn i frå fyrste stund. For meg var det ei bok eg berre måtte lese litt til og litt til og litt til, å så plutseleg var eg ferdig.


Eg kjem til å vere streng med terningane mine, å terningkast 6 heng skyhøgt.
Denne boka gir eg terningkast:





Den neste boka eg vil ta føre meg er Den sangen har jeg hørt før av Mary Higgins Clark. Ho er ei av mine favoritt forfattarinner.













Boka kjem ikkje høgast av dei bøkene eg har lese av ho tidlegare, men er absolutt verdt å lese likevel! Det er ei "typisk" krim bok med drap, morderar i fleirtal, anklagar, familie konfliktar, rikdom, pengar og makt. Samstundes er det fletta inn ei kjærleikshistorie, der hovudpersonen verkeleg kjempar for kjærleik og rettferd.


Eg vil sei at boka var skummel, og fekk meg til å krype saman i sofaen og lese iherdig. Men alt i alt blei det kanskje litt i meste laget av alt som hende, og litt av truverdigheita forsvann.




Eg gir boka terningkast:









4 kommentarer:

  1. dette va ein kjekke spalte! Glede meg t mongen bokmeldingar :O)

    Trur eg har lest den sitronboka, jobbe dei på restaurant? Eg har ein tendens t å blanda bøker... ;O)

    SvarSlett
  2. det va forresten blitt voldsomt fint her inne i "bloggrommet" ditt. Kor har du fonne adle dei fine bildene?

    SvarSlett
  3. Den handle om ei så jobbe på restaurant ja, så du har nok lest na morr ;)
    Bildene har eg fonne inne på den hjerte siå, weheart eller noge sånt. Det burde eg vel kanskje skreve under bildene når eg tenke meg om... d får eg ordna opp i :)
    Gi Lilly ein klem frå meg!
    Love

    SvarSlett
  4. Kjekke spalte:)
    Og ja, bildene her inne va heilt nydelige!

    SvarSlett