Veit du; at dagene som kjem og går, dei er sjølve LIVET

fredag, februar 19, 2010

Vinterglede...



Vinteren er framleis her med sine minusgradar, snøkrystallar og isbelagte fortau.
Eg nyt verkeleg vinteren med alt den kjem med,
men no må eg ærleg innrømme at eg
gler meg til isen forsvinn frå vegane, slik at eg kan suse avgarde på sykkelen min igjen!


Skia har vorte flittig brukt i år og meir skal det bli!
Forrige helg fekk eg testa bakkane på Voss, denne helga er det Røldal som står for tur.
Dei meldar på masse minusgradar og nysnø,
alt ein kan ynskje seg...




Eg har nevnt det før, og eg seier det igjen:
Å få besøk, planleggje kva ein skal lage, kjøpe inn fine serviettar,
gjere litt ekstra ut av det, tenne masse lys, fyre opp i peisen og lage god mat er noko
eg har stor glede i.


Eg hadde besøk i går kveld, og eg tenkte eg ville dele oppskrfta på ein pai eg laga:
Pai med BLÅBÆR og JORDBÆR:
1. lag paideig ved å kna mjukt smør og litt rapsolje inn i mjøl og sukker
2. Sett deigen kaldt ei lita stund
3. Trykk den ut i ei paiform, spar noko av deigen
4. Tin blåbær og jordbær, og kjøyr dei nokre rundar i kjøkenmaskina
5. Tilsett litt sukker og 3/4 boks med rømme. Visp det saman til ei jevn masse og hell det i paiforma
6. Smuldre den gjenværena deigen på toppen
7. Steik på 200 grader i ca 20-30 minutt
8. Server med SANS blåbær/solbær is
BON APETIT!










3 kommentarer:

  1. Det hørtes nydelig ut... Både ski, sykkel, besøkplanlegging og ikke minst paien! Gleder meg til å se deg igjen snart!! KLemmer Ragne

    SvarSlett
  2. Anonym3:45 p.m.

    Så fin blogg du har GerdKatrin! og å fine bilder her;) eg ska såå prøve den paien! God søndag videre;)

    Klem fra Gunvor

    SvarSlett
  3. Så fine bilder!! Håpe du hadde ei bra helg i Røldal! Denna snøen tar jo ingen ende, her lave det ned i dag!!

    SvarSlett