Veit du; at dagene som kjem og går, dei er sjølve LIVET

onsdag, januar 19, 2011

Fiskesuppe og Bjørkegreiner

Nommm... fiskesuppe alla Findus og GK:
1 pk. findus fiskesuppe
i mens suppa kokar opp hakkar du
bacon i små bitar
kvitlauk
raudlauk
litt chilli
vårlauk
gulrøter
sjampinjong
paprika
og surrar det i steikjepanna
Dryss dette på toppen av suppa,
server med nysteikte baguettar
BON APETIT

Eg var så heldig å få Leila Lindholm si kokebok, a piece of cake, til jul hjå mi nydelege venninne. Eg har bladd mykje i boka allereie og nyt kvart bilete. Det som er så fint er at ho er full av inspirasjon, både i form av bakverk og interiør.
Eg har plukka ut fleire godbitar som eg gler meg til å prøve ut!


Denne store bjørkegreina henta eg inn til jul og pynta den med diverse smånips.
No er det meste av nipsen plukka av,
og erstatta med eit par nydelege eglevenge som eg fekk i julegåve hjå ei anna god venninne. Hjartet du ser i bakgrunnen er ei julegåve til meg sjølv ;)




Øynene kan se så mange vidunderlige ting
dersom du virkelig fokuserer.
Livet er nesten som et maleri,
et merkelig abstrakt maleri.
Du kan betrakte det og tenke at livet er diffust,
men dersom du ordentlig
SER,
fokuserer,
bruker fantasien,
så kan livet være så mye, mye mer!

lørdag, desember 04, 2010


Adventstid!

Minusgrader, skøyter, lys, pakkekalender, mandarinar, stjerne, glede, adventskvelds, juleverkstad, julekonsertar, vener, julemysteriet (Jostein Gaarder), pledd, julekaffi +++


Advent er noko av det beste eg veit, eg gledar meg til det som ligg og ventar, samstundes som kvardagen er proppa av gode ting..



Tenn Lys!
To lys skal skinne for kjælighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn Lys for dem som gråter og dem som trøster dem.



No var det på høg tid å få bort sommar putene.
Her har eg sydd to nye puter med
stoff frå stoff og stil.





Det er fint å sitje inne å måle når minusgradane
stig utanfor døra





Adventskalender,
like spanande kvar dag kva som kjem!




Takk

for adventstid,

for fred,

glede,

familie,

venar.

Takk for det som er
og for håpet
i alt det som
ventar


onsdag, november 10, 2010

Haustturar
Her og nå, spontant og tilstades er haustens motto













2 av prinsessene




















Elg i solnedgang


onsdag, oktober 06, 2010

Det er godt med HAUST



Eg likar hausten...
Regn i bytter og spann!
Grått ver og lun innestemning.
Sol og kalde dagar.
Fjelltur i haustfargar
På bileta kan du sjå litt av det eg driv med for tida...
Stikkord:
kaffi, teppe, helsesøster-pensum, strikking, vener, blomar,tende lys,
bryllaup, lovsong, turar, imi, salsa...










Tor (a) rill

(Torill + Tor Arild)









How great is our GOD!

torsdag, september 09, 2010

Utstilling i Lille Camino
Bildene mine henger nå til utstilling og salg i Kafè Lille Camino, Storsalen, Oslo.
Eg har også lagt ut dei fleste bildene på kunst-bloggen min:

søndag, august 15, 2010

Besøk av familien min,

som eg er så gla i!

Blåbær-bringebær-muffins


tirsdag, august 10, 2010

Heilt på bertur...



No er fryseboksen fyllt opp med herlege, søte vill-bringeber klar for å verta brukt i smoothie, pai og muffins.. nom nom...










mandag, februar 22, 2010

Inspirert


Eg er INSPIRERT
Eg har kjøpt meg eit blad som heiter "Lev Landlig".
Bladet er fullpakka med gode idear, tips til nettsider, nydelege bilete og reportasjar.
Eg nyt å lese dette bladet...

Dette er eit servise fra Weedgewood og Jasper Conran som eg synes er nydeleg.
Så stileg å kunne velje forskjellege fargar som ein kan kombinere.



Noregs glas
Eg har nett fått tak i fleire billege Noregs glas på Fretex. Dei kan brukast til så mangt... Ein kan fylle dei med sysaker, knappar, frokostbalnding, korn, lys, kongler, kanel stenger, bestikk,
kuler, silkeband +++


fredag, februar 19, 2010

Vinterglede...



Vinteren er framleis her med sine minusgradar, snøkrystallar og isbelagte fortau.
Eg nyt verkeleg vinteren med alt den kjem med,
men no må eg ærleg innrømme at eg
gler meg til isen forsvinn frå vegane, slik at eg kan suse avgarde på sykkelen min igjen!


Skia har vorte flittig brukt i år og meir skal det bli!
Forrige helg fekk eg testa bakkane på Voss, denne helga er det Røldal som står for tur.
Dei meldar på masse minusgradar og nysnø,
alt ein kan ynskje seg...




Eg har nevnt det før, og eg seier det igjen:
Å få besøk, planleggje kva ein skal lage, kjøpe inn fine serviettar,
gjere litt ekstra ut av det, tenne masse lys, fyre opp i peisen og lage god mat er noko
eg har stor glede i.


Eg hadde besøk i går kveld, og eg tenkte eg ville dele oppskrfta på ein pai eg laga:
Pai med BLÅBÆR og JORDBÆR:
1. lag paideig ved å kna mjukt smør og litt rapsolje inn i mjøl og sukker
2. Sett deigen kaldt ei lita stund
3. Trykk den ut i ei paiform, spar noko av deigen
4. Tin blåbær og jordbær, og kjøyr dei nokre rundar i kjøkenmaskina
5. Tilsett litt sukker og 3/4 boks med rømme. Visp det saman til ei jevn masse og hell det i paiforma
6. Smuldre den gjenværena deigen på toppen
7. Steik på 200 grader i ca 20-30 minutt
8. Server med SANS blåbær/solbær is
BON APETIT!










tirsdag, februar 09, 2010

Bokanmeldingar, GO`BOK


Eg vil med dette innvie mi nye faste spalte som eg vel å kalle GO`BOK. Her vil eg presentera, anmelda og gi terningkast til dei bøkene eg les. Eg er ein person som verkeleg slappar av med ei god bok, og som nyt å bli dratt inn i historia.




Små sitroner gule er ei lettlest bok. Eg brukte 3-4 dagar på å komme gjennom ho, så det er med andre ord ei bok som ikkje er av den djupe typen, men likevel herleg! Boka er av typen "good feeling" og handlar om LIVET.


Forfattaren er svensk, og orda som er brukt er gode og interessante. Ein merkar at boka ikkje er øvesett frå engelsk. Hovudpersonane er i byrjinga av 30 åra og hendinga utspelar seg på 2000 talet. Eg vil kalle boka moderne.

Eg trur dei fleste vil kjenne seg igjen i eit eller anna i historia som utspelar seg. Boka er varm og morosam, samstundes som eg til tider blei sjikkeleg frustert. Det handlar om glede, sorg, avhengighet, kjærleik, evige venskap, familie, sjukdom, draumar, å verkeleg leve, å gå for det ein vil ha, å ha tru på seg sjøl og skilnaden mellom bygdeliv og byliv.


Eg vil anbefale boka for deg som ynskjer ei lettlest bok som ein blir dradd inn i frå fyrste stund. For meg var det ei bok eg berre måtte lese litt til og litt til og litt til, å så plutseleg var eg ferdig.


Eg kjem til å vere streng med terningane mine, å terningkast 6 heng skyhøgt.
Denne boka gir eg terningkast:





Den neste boka eg vil ta føre meg er Den sangen har jeg hørt før av Mary Higgins Clark. Ho er ei av mine favoritt forfattarinner.













Boka kjem ikkje høgast av dei bøkene eg har lese av ho tidlegare, men er absolutt verdt å lese likevel! Det er ei "typisk" krim bok med drap, morderar i fleirtal, anklagar, familie konfliktar, rikdom, pengar og makt. Samstundes er det fletta inn ei kjærleikshistorie, der hovudpersonen verkeleg kjempar for kjærleik og rettferd.


Eg vil sei at boka var skummel, og fekk meg til å krype saman i sofaen og lese iherdig. Men alt i alt blei det kanskje litt i meste laget av alt som hende, og litt av truverdigheita forsvann.




Eg gir boka terningkast:









fredag, februar 05, 2010

Winter-Wonder-Land

Eg har hatt mange flotte skiturar i det sista..

det er bare noge av det besta som finns!

Ski, kakao, nysnø, sol, gode venner, glede, lek, latter,

svette, bål...

"Evnen til å le og leke sammen er kjærlighetens essens"